Om Veitastrond Triobakst
Veitastrond Triobakst er ei lita familiebdrift på Veitastrond, ei bygd i Luster kommune. Bedrifta vart starta i 2001 av tre driftige damer på Veitastrond: Kristina, Kari og Åshild. Dei siste 20 åra har Kari og Åshild halde kjevlane i sving og takkane varme.
Ved slutten av 2025 tok Randi Flugheim Nes, barnebarnet til Kristina og svigerdotter til Kari, over verksemda. No skal ho føre Triobakst vidare i den same gode ånda som damene før meg.
Randi er firebarnsmor og har lært seg handverket av gründerane. No satsar ho for fullt, med eit håp om at barna hennar ein dag vil få glede av dette handverket og kunne føre tradisjonane vidare.
-
Du finn oss på Veitastrond, på ein gard midt i bygda. I kårhuset har me laga til bakeri, der me held fram med produksjonen av flatbrød, lefsekling og kaffilefser.
Kom gjerne innom dersom du ynskjer å kjøpe varer – eller berre sjå korleis me jobbar.